Eva Marie Felde

Eva Marie Felde

Fødd: 1981

Frå: Breim i Sogn og Fjordane

No: Formidlingsleiar ved Nordfjord folkemuseum

Eva Marie Felde gjekk på kull 7, i 2007/2008. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt, vart informasjonsrågjevar i Datatilsynet og trainee ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, før ho kom til NRK Sogn og Fjordane. Her fekk ho fast tilsetting i 2015, og arbeidde som journalist og vaktsjef. Slutta i april 2017 for å bli formidlingsleiar ved Nordfjord folkemuseum.

Felde studerte statsvitskap ved NTNU i Trondheim. Dei fire åra munna ut i ei bachelorgrad i samfunnsvitskaplege fag med vekt på japansk. Deretter gjekk ho på London School of Economics for å ta ein master i Politikk og kommunikasjon. Masteroppgåva handla om kva som skilde ungdomspartia og moderpartia sine nettsider, korleis dei brukte nettsidene sine og kva innhald dei presenterte.

Hausten 2007 byrja ho som nynorskpraktikant same dagen som ho leverte inn masteroppgåva. Våren 2008 hadde ho praksis i NRK Dagsnytt på Marienlyst. Ho heldt fram der ut året. Deretter var ho informasjonsrådgjevar i Datatilsynet, og arbeidde som mediekontakt, med skriving av nettartiklar og ulike prosjekt, mellom anna born og internett. – Men som den heimekjære Breimstausa eg er måtte eg vende nasa vestover. Som trainee ved Høgskulen i Sogn og Fjordane arbeidde eg med forskingsformidling og kommunikasjon, seier Eva Marie Felde.

Byrja som journalist i NRK Sogn og Fjordane i 2012, og fekk fast tilsetting i 2015. Felde arbeidde både som journalist og vaktsjef. Ho slutta i NRK i april 2017 for å bli formidlingsleiar ved Nordfjord folkemuseum på Sandane.

Kull 7

Ingunn Viken (1980), frå Ona, Møre og Romsdal

Ivar Folkedal (1983), frå Ål i Hallingdal

Eline Buvarp Aardal (1984), frå Namndalseid, Nord-Trøndelag

Håvard Tvedte (1981), frå Stord, Hordaland

Eva Marie Felde (1981), frå Breim, Gloppen i Sogn og Fjordane