Even Lusæter

Even Lusæter

Fødd: 1979

Frå: Heidal i Sel kommune, Oppland

No: Vikar i NRK Hedmark og Oppland

Even Lusæter var nynorskpraktikant på kull 23, 2015/2016. Han hadde ekstern praksis i NRK Hedmark og Oppland på Lillehammer, og vikar/tilkallingsvikar der etterpå. No er han vikar på heiltid ved kontoret på Lillehammer.

Lusæter er frå Heidal i Sel, busett i Vågå. Han tok permisjon frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule på Otta for å bli nynorskpraktikant i 2015. Ved skulen var han lektor i norsk og historie. Før han tok universitetsutdanning i Oslo var han gravemaskinkøyrar i sju år.

Even Lusæter er ein habil folkemusikar og har farta mykje rundt på ulike underhaldningsoppdrag dei siste ti-åra. I tillegg til på spele fele likar han å vere programleiar og formidle litteratur, lyrikk og lokal kultur. Han har vore ein aktiv organisasjonsmann innan målrørsle, folkemusikk og litteraturformidling.

Kull 23

Line Omland Eilevstjønn (1993), frå Åmot, Vinje i Telemark

Kjersti Anderdal Bakken (1990), frå Gol i Hallingdal

Even Lusæter (1979), frå Heidal/ Vågå, Oppland

Elise Sundfør Erdal (1986), frå Tysvær i Rogaland

Thomas Brakstad (1989), frå Meland i Hordaland