Gisle Forland

Gisle Forland

Fødd: 1981

Frå: Mosjøen i Nordland

No: Vaktsjef, reporter og programleiar NRK Nordland

Gisle Forland gjekk på det tredje kullet med nynorskpraktikantar, i 2005/2006. Han hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal og arbeidde der som vikar etterpå, før han fekk fast jobb i NRK Nordland. Der er han vaktsjef/reporter/programleiar. 

Forland vaks opp i Mosjøen og er noko så sjeldan som ein nynorskbrukande nordlending. Han hadde nynorsk i skulen frå barneskulen til vidaregåande, «takka vere målmedvitne foreldre», som han seier. Forland har ein Bachelor i informasjon frå Høgskulen i Volda. Derifrå har han også ei årseining i medikunnskap og samfunnsfag, og studiar på masternivå i offentleg administrasjon og leiing.

Før han byrja på Nynorsk mediesenter hausten 2005 hadde Gisle Forland arbeidd i ei prosjektstilling som informasjonsmedarbeidar i Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik, der han også hadde hatt høgskulepraksis. Vidare hadde han vore tilsett ved Studentkroa i Volda, som vaktsjef for andre tilsette. Han hadde hatt studentpraksis i Helgeland Arbeiderblad og vore radiovert i Radio Mosjøen i sommar- og juleferiar, og hatt sommarjobb som vaktmeister ved Vefsen landbruksskule.

Kull 3

Sølve Rydland (1984), frå Knarvik i Hordaland

Marita Haugo Røkeberg (1982), frå Nesbyen i Buskerud

Gisle Forland (1981), frå Mosjøen i Nordland

Karoline Kalstveit (1984), frå Skjold, Vindafjord i Rogaland

Håvard Hamnaberg (1978), frå Vågsvåg, Vågsøy i Sogn og Fjordane