Gøril Furu

Gøril Furu

Fødd: 1984

Frå: Sunndalsøra, Møre og Romsdal

No: Fotograf/redigerar med meir i NRK Østlandssendinga.

Gøril Furu var nynorskpraktikant på kull 5, 2006/07. Ho hadde praksis i NRK P3 på Tyholt og fekk seinare fast tilsetting i NRK P1 i Trondheim. No er ho fotograf/redigerar/videojournalist/producer/ TOM/ Multimedieprodusent i NRK Østlandssendinga. Med foreldrepermisjon til våren 2018.

– Før eg fekk plass på Nynorsk mediesenter hadde eg lenge visst at eg ønskte å jobbe i mediebransjen. Korleis retning eg ville gå var eg derimot høgst usikker på. Med bakrunn frå medievitskap og medieproduksjon ved NTNU og erfaring frå Studentavisa i Trondheim, Under Dusken, var praksisplass i Førde eit heilt ypperleg utgangspunkt for å finne det ut. Her fekk eg lære både radio, nett og TV og håpte nok at eg skulle jobbe med TV etterpå. Slik vart det ikkje – i alle fall ikkje heilt umiddelbart. I tida etter Førde fekk eg tilkalling i NRK P3 på Tyholt. Tilkallingskontrakta vart til eit vikariat i NRK P1, som igjen førte til fast jobb i same radiokanal sommaren 2009. Etter eit år i fast stilling som programleiar videreutdanna eg meg i Boston, USA og kom tilbake med ein mastergrad i TV-produksjon. No jobbar eg som fotograf, både nyheiter og Migrapolis, i NRK Østlandssendingen og føler eg har landa draumejobben! Eg bruker ikkje språket like aktivt i jobben lengre, men Nynorsk mediesenter skal likevel ha æren for at eg har fått eit mer medvetent forhold til språk – og ein knakande fin jobb.

 

Kull 5

Bjarte Vik Myklebust (1986), frå Ålfoten i Sogn og Fjordane

Marianne Feste (1981), frå Seim, Lindås i Hordaland

Gøril Furu (1984), frå Sunndalsøra i Møre og Romsdal

Vidar Eidhammer (1984), frå Skjold, Vindafjord i Rogaland

Ingrid Hognaland (1986), frå Nedre Vats, Rogaland