Gry Brekke Hustveit

Gry Brekke Hustveit

Fødd: 1983

Frå: Sola, Rogaland

No: Frilansfotograf fleirkamera

Gry Brekke Hustveit var nynorskpraktikant på kull 14, våren 2011. Ho hadde ekstern praksis i NRK Rogaland, og har arbeidd som frilansfotograf på fleirkamera etterpå.

– Eg gjekk musikklinja på vidaregåande og studerte deretter trompet ved Insitutt for musikk og dans ved UiS. Eg ville bli musikar, men ikkje lærar, og tok derfor ein ny bachelor ved UiS etter det, denne gongen i Fjernsyns- og multimedieproduksjon. Medan eg studerte vart arbeidsmarknaden vanskelegare i Stavanger og eg byrja på Nynorsk mediesenter for å ha fleire bein å stå. Planen var å kunne jobbe som både journalist og VJ, i tillegg til fotograf. Dessverre viste det seg at journalistyrket ikkje var noko for meg. I dag frilansar eg som fleirkamerafotograf for m.a NRK i Oslo, men eg håpar at eg ein gong i framtida vil få brukt det eg lærte ved Nynorsk mediesenter.

Kull 14

Jonas Sætre (1986), frå Stord i Hordaland

Ingrid Brandal Myklebust (1986), frå Fosnavåg, Møre og Romsdal

Ingvild Nave (1990), frå Bryggja, Sogn og Fjordane

Gry Brekke Hustveit (1983), frå Sola i Rogaland

Christian Wiik Gjerde (1981), frå Tjørvåg i Møre og Romsdal