Gunn Evy Auestad

Gunn Evy Auestad

Fødd: 1986

Frå: Karmøy, Rogaland

No: Student

Gunn Evy Auestad gjekk på kull 12 med nynorskpraktikantar, våren 2010. Ho hadde ekstern praksis i NRK.no og fekk fast jobb der etter nokre år. Ho slutta i NRK sommaren 2016 og studerer på Ås.

– No tek eg ein toårig master i Naturbasert reiseliv på NMBU, Ås. I tillegg har eg fått meg deltidsjobb som arbeidsleiar ved Losby besøksgard i Lørenskog. Ønsket mitt er å kunne bruka erfaringa mi med kommunikasjon og formidling frå NRK inn i eit yrke i det naturbaserte reiselivet i Noreg.

I NRK.no skreiv eg om nyheiter frå inn- og utland, blant anna innan politikk, økonomi og kultur. Turnusen var todelt og omfatta både løpande nyheitsdekning frå desk og reportervakter, der ein går djupare inn i aktuelle saker eller jobbar fram eigne idear. Av større saker eg var med på, kan eg nemna NRK sin 22. juli-redaksjon og dekninga av den etterfølgande rettssaka i Oslo tingrett. I 2015 jobba eg tomedialt for både Dagsrevyen og NRK.no. Våren 2016 var eg researcher for TV-programmet Debatten og til dels også for Dagsnytt 18, før eg slutta 29.juli, for å bli student att, seier Gunn Evy Auestad.

 

Kull 12

Astrid Marie Grov (1984), frå Hovin i Telemark

Ingvil Aaen Torpe (1982), frå Voss i Hordaland

Kristin Vestreim (1982), frå Kaupanger i Sogn og Fjordane

Mari Langva (1986), frå Volda, Møre og Romsdal

Gunn Evy Auestad (1986), frå Karmøy, Rogaland