Gunnhild Sølvberg

Gunnhild Sølvberg

Fødd: 1978

Frå: Førde, Sogn og Fjordane

No: Lærar Ullern vidaregåande skule, Oslo

Gunhild Sølvberg gjekk på det sjette kullet med nynorskpraktikantar, våren 2007. Ho hadde ekstern praksis i NRK Utanriks. Lærar ved Ullern vidaregåande skule, Oslo.

– Eg har alltid vore interessert i språk og kommunikasjon, og har hatt gleda av å både studere – og jobbe med fagfeltet på ulike måtar. Før eg vandra inn dørene hos Nynorsk Mediesenter, hadde eg ein Master i økonomi og administrasjon, med profilen «Fagspråkleg kommunikasjon». I graden ligg ymse språk- og kommunikasjonsfag, og særleg hadde eg (og framleis har!) interesse for spansk og tverrkulturell kommunikasjon, ei interesse som har fått næring mellom anna av å ha budd i fleire spansktalande land over lengre tid, i forbindelse med studiar og jobb. Eg jobba som forelesar på Cuba når eg søkte om å bli nynorskpraktikant: Frå eg laga mi første avis med fargeblyantar og med ei barndomsvenninne som medredaktør, har eg vore interessert i journalistikk og media, og no fekk eg sjansen til å bli nærare kjent med yrket. Det var interessant og kjekt, og har vore nyttig å ha med seg også seinare.

Kull 6

Gunnhild Sølvberg (1978), frå Førde, Sogn og Fjordane

Mona Vetrhus (1975), frå Uskedalen i Hordaland

Yngvil Kolset Haga (1980), frå Verdal, Nord-Trøndelag

Inger Synnøve Tveito (1985), frå Kviteseid i Telemark

Ragnhild Bjørge (1977), frå Klokkarvik i Hordaland