Hanne Våge

Hanne Våge

Fødd: 1992

Frå: Stord, Hordaland

No: Vaktsjef/journalist i P3.no.

Hanne Christin Våge gjekk på kull 18 med nynorskpraktikantar, våren 2013. Ho hadde ekstern praksis i P3nyhenda/ Her og Nå på Tyholt. Studerte medievitskap ved NTNU og var tilkallingsvikar i fleire redaksjonar på Tyholt før ho sommaren 2015 fekk fast jobb som reporter i P3.no, med funksjon som vaktsjef.

Slik oppsummerer ho livet sitt før NRK Nynorsk mediesenter;

– Eg gjekk ut frå musikklina ved Stord vidaregåande skule i 2011. Same året flytta eg til Trondheim for å studere filmvitskap. Kort tid etter at eg kom til byen byrja eg å jobbe frivillig som nettjournalist i studentavisa Under Dusken. Sommaren året etter fekk eg sommarjobb som journalist i bladet Sunnhordland. Då hausten kom innsåg eg at arbeidet mitt i Under Dusken hadde gitt meg meir enn haugen med pensum på universitetet. Eg bestemde meg difor for å slutte med filmvitskap, og heller ta vidaregåande fag for å samle poeng nok til å kome inn på journalistikk i Volda – ein draum eg hadde lagt på hylla fleire år tilbake.  Med engasjementet i Studentmediene og sommarjobben i Sunnhordland bak meg hadde eg fått blod på tann. Følgjeleg valde eg å søkje på jobben som nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter.

 

Kull 18

Hanne Våge (1992), frå Stord, Hordaland

Adalheidur Oldeide (1988), frå Holvik, Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane.

Vegard Tjørhom (1987), frå Sirdal i Vest-Agder

Trond Espen Bjoland (1993), frå Ågotnes, Hordaland

Inger Johanne Ruset (1985), frå Lingegrend, Møre og Romsdal