Hans Henrik Løken

Hans Henrik Løken

Fødd: 1988

Frå: Odda, Hordaland

No: Journalist i NRK Sporten

Hans Henrik Løken gjekk på kull 13, 2010/11. Han hadde ekstern praksis i NRK Sporten og har arbeidd der etterpå. Løken er fast tilsett.

Han hadde arbeidd ni månader i lokalavisa Hardanger Folkeblad, og ein sommar i Radio Folgefonn, før han vart nynorskpraktikant som 21-åring. Hans Henrik Løken var særs sportsinteressert og hadde tenkt å søkje journalistutdanning hausten 2010. NRK sin dåverande medarbeidar i Odda, Egil Torheim, oppmoda Hans Henrik Løken om å søkje NRK Nynorsk mediesenter, og han kom inn. Etterpå har Løken arbeidd i NRK.

Kull 13

Hans Henrik Løken (1988), frå Odda i Hordaland

Hilde Zahl (1982), frå Bryne på Jæren

Karl Kristian Langeland (1984), frå Hellesylt, Møre og Romsdal

Hans Kristen Hyrve (1985), frå Skjåk i Oppland

Vegard Troøyen Foseide (1984), frå Fræna, Møre og Romsdal