Hans Kristen Hyrve

Hans Kristen Hyrve

Fødd: 1985

Frå: Skjåk, Oppland

No: Frilans radiokunstnar for Salongen, i NRK P2

Hans Kristen Hyrve gjekk på det trettande kullet med nynorskpraktikantar, 2010/11. Han hadde praksis i Radioselskapet i NRK P2. No er han frilans radiokunstnar i programmet Salongen i P2, driv podkast og lagar musikk for teater.

– Sjølv om eg er utdanna Russlandsvitar, er det radio som ligg hjartet nærast. Etter Nynorsk mediesenter er det også radio eg har halde på med. Fyrst som journalist i P2-programmet Radioselskapet, no som frilans radiokunstnar og lydmakar i Salongen på same kanal. Der har eg mellom anna eit samarbeid med Frode Grytten, i tillegg til at eg får vera med og utvide førestillingane av kva radio er og kan vera. Da blir det fort både lyd og ulyd.

Ved sidan av Salongen driv eg også ein podkast med kjærasten – TILkolon er namnet. Der utforskar vi kva livet og radiomediet kan romme.

Elles lagar eg musikk for teaterregissør Øystein Johansen, og involverer meg i spanande radio-, lyd- og musikkprosjekt eg møter vegen.

Kull 13

Hans Henrik Løken (1988), frå Odda i Hordaland

Hilde Zahl (1982), frå Bryne på Jæren

Karl Kristian Langeland (1984), frå Hellesylt, Møre og Romsdal

Hans Kristen Hyrve (1985), frå Skjåk i Oppland

Vegard Troøyen Foseide (1984), frå Fræna, Møre og Romsdal