Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Fødd: 1991

Frå: Ulsteinvik, Møre og Romsdal

No: Vikar i innanriksredaksjonen, NRK Nyhende

Hans-Olav Rise var nynorskpraktikant på kull 16, våren 2012. Etter opplæringa arbeidde han eit drygt år i NRK Møre og Romsdal i Ålesund, før han studerte journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus til våren 2016. Ved sida av studiane arbeidde han for NTB og NPK, og som programleiar i studentradioen i Oslo. No er han vikar i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende.

– Før eg kom inn på Nynorsk Mediesenter jobba eg i fleire forskjellige aviser og nettaviser på Sunnmøre. Eg starta som 16-åring i lokalavisa i Ulsteinvik, Vikebladet Vestposten, der eg hadde ansvar for sport og jobba med alle saksområde i feriar. Då eg var 17 år starta eg i tillegg å ta på meg oppdrag for regionalavisa på Sunnmøre, Sunnmørsposten. Året etter vidaregåande arbeidde eg for Vikebladet Vestposten, Sunnmørsposten og nettavisa Herøynytt.

– Tida ved NRK Nynorsk Mediesenter var svært lærerik. Etter å ha gått grunnskulen i lokalavisa i Ulsteinvik, blei eg finjustert i Førde. I tillegg fekk eg auga opp for radio som medium. Blant dei verkeleg glimrande dagane i Førde vil eg trekke fram dagane med Linda Eide, Odd Isungset, Annette Groth og logopeden til NRK.

Kull 16

Raymond Lidal (1986), frå Bømlo, Hordaland

Katrine Nybø (1986), frå Ørsta, Møre og Romsdal

Hans-Olav Rise (1991), frå Ulsteinvik, Møre og Romsdal

Ingunn Rauk (1983), frå Grendi i Setesdal

Wilhelm Støylen (1980), frå Kvamsøy, Møre og Romsdal