Håvard Hamnaberg

Håvard Hamnaberg

Fødd: 1978

Frå: Vågsvåg, Sogn og Fjordane

No: Seniorrådgjevar i Olje- og energidepartementet

Håvard Hamnaberg gjekk på det tredje kullet med nynorskpraktikantar, i 2005/06. Han hadde ekstern praksis i Kulturnytt i NRK P2 og arbeidde der ei tid, før han fekk fast jobb som journalist i Carbonytt, ein nettstad for analyse og sal av CO2-kvotar. Seinare vart han redaktør for eit tidsskrift om den europeiske marknaden for kvotehandel, i Point Carbon. Deretter var han overingeniør i NVE i fleire år, med fornybar engergi som spesialfelt. No er han seniorrådgjevar i Olje-og energidepartementet.

Hamnaberg var sivilingeniør, innan industriell økonomi og teknologileiing, ved NTNU før han byrja som nynorskpraktikant. Han hadde også ein master i allmenn litteraturvitskap. I studietida hadde han vore prosjektleiar for eit utbyggingsprosjekt i Stundersamfunnet i Trondheim, leiar for Studentersamfunnet, leiar for fadderutvalet i NTNU, og nyhendejournalist og kronikk-og debattredaktør i studentavisa Under Dusken. Politisk engasjert i Unge Venstre, der han hadde vore sentralstyremedlem fyrst på 2000-talet.

 

Kull 3

Sølve Rydland (1984), frå Knarvik i Hordaland

Marita Haugo Røkeberg (1982), frå Nesbyen i Buskerud

Gisle Forland (1981), frå Mosjøen i Nordland

Karoline Kalstveit (1984), frå Skjold, Vindafjord i Rogaland

Håvard Hamnaberg (1978), frå Vågsvåg, Vågsøy i Sogn og Fjordane