Håvard Tvedte

Håvard Tvedte

Fødd: 1981

Frå: Stord, Hordaland

No: Direktør Sunnhordland museum

Håvard Tvedte er direktør ved Sunnhordland museum. Tvedte var nynorskpraktikant på kull sju, i 2007/2008. Hadde ekstern praksis i Dagsnytt og arbeidde der ei tid, før han vart researcher i NRK. I 2009 fekk han fast arbeid i Stortinget, der han var nestleiar i Stortingsbiblioteket. I 2016 flytta han til Valevåg i Sunnhordland og vart kommunikasjonsansvarleg i NCE Maritime CleanTech på Stord, før han vart museumsdirektør I 2017.

Tvedte er utdanna historikar, og masteroppgåva handla om EU-forhandlingane i 1993-94. Mastergrada er bygd på ein bachelor i samfunnsvitskap kor både samfunns- og naturgeografi inngår. Han har også utdanning innanfor leiingsfag, journalistikk og bibliotek- og informasjonsvitskap. Før han begynte som nynorskpraktikant hadde han også arbeidserfaring frå mellom anna Statistisk sentralbyrå og Politihøgskolen.

 

Kull 7

Ingunn Viken (1980), frå Ona, Møre og Romsdal

Ivar Folkedal (1983), frå Ål i Hallingdal

Eline Buvarp Aardal (1984), frå Namndalseid, Nord-Trøndelag

Håvard Tvedte (1981), frå Stord, Hordaland

Eva Marie Felde (1981), frå Breim, Gloppen i Sogn og Fjordane