Hibba Sarmadawy

Hibba Sarmadawy

Fødd: 1987

Frå: Libanon og Øystese i Hordaland

No: Tilkallingsvikar i VG og masterstudent.

Hibba Sarmadawy var nynorskpraktikant på kull 21, 2014/2015. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt, og var tilkallingsvikar/vikar i innanriksredaksjonen til april 2016. Deretter var ho vikar/tilkallingsvikar i Norsk Telegrambyrå (NTB). Frå november 2016 er ho tilkallingsvikar i VG og hausten 2017 byrja ho på ein master i Demokratibygging ved Universitetet i Oslo.

Sarmadawy har libanesisk bakgrunn, men vaks opp i Øystese i Hardanger. Der er det naturlege språket nynorsk, og ho kan både nynorsk, arabisk og engelsk. Ho har to bachelorar, ein i sosiologi og ein i samanliknade politikk, og i tillegg emne i språkhistorie og nynorsk ved Universitetet i Oslo. Hibba Sarmadawy har også eit halvår som utvekslingsstudent ved det amerikanske universitetet i Kairo. Som student arbeidde ho i Radio Nova og det var der ho fekk smaken på radio og journalistikk.

Før ho vart nynorskpraktikant i 2014 var ho prosjektkoordinator i Fafo og sekretær ved Universitetsbiblioteket. Ho har elles arbeidd som intervjuar og tolk for Fafo, flyktningeassistent i Norsk Folkehjelp, prosjektmedarbeidar i eit bydelstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar i Oslo, intervjuar for TNS Gallupp, servitør, butikkmedarbeidar og pleie- og omsorgsarbeidar.

 

Kull 21

Tor-Erik Humlen (1988), Frå Langevåg, Møre og Romsdal

Hibba Sarmadawy (1987), frå Libanon og Øystese i Hordaland

Elias Engevik (1995), frå Solund i Sogn og Fjordane.

Sigrid Agnethe Hansen (1989), Frå Harstad i Troms

Ine Eftestøl (1984), frå Bryne i Rogaland.