Hilde Zahl

Hilde Zahl

Fødd: 1982

Frå: Bryne, Rogaland

No: Programleiar Kveldsåpent i NRK P1

Hilde Zahl gjekk på det trettande kullet med nynoskpraktikantar, 2010/2011. Ho hadde ekstern praksis i NRK P3 i Trondheim og heldt fram som tilkallingsvikar og vikar på Tyholt. Ho er mest kjend som programleiar i Kveldsåpent i NRK P1, og fekk fast jobb våren 2015.

– Eg gjekk på musikklinja på vidaregåande. Det andre året reiste eg til Italia på utveksling, og tilegna meg gode språkkunskapar der. Dei brukte eg åra etter vidaregåande, då eg jobba for eit italiensk togfirma, som hadde kontrakt med NSB.

Etter to år som sjølvstendig næringsdrivande ville eg studera, og flytta til Bergen. Eg tok årsstudium i psykologi, bachelor i Europastudier med spesialisering i italiensk. Eg jobba for Chess Communication på kundeservicen deira, og hadde programmet «God oppdragelse» med to kompisar i Studentradioen. Etter tre år ville eg skifta beite igjen, og flytta til Roma som utvekslingsstudent.

Roma var heimstaden min i to år til. Eg hadde ymse jobbar, til dømes for eit firma som dreiv med telefoniske marknadsundersøkingar i Norden, og for ei napoletansk skreddarforretning. Eg var også privat engelsklærar.

Etter endt eventyr på kontinentet flytta eg heim og var lærar eitt år på barneskulane på Bryne.

Nynorsk mediesenter brakte meg til Trondheim, der eg hadde praksis i no nedlagte Banden på P3. Eg flytta raskt til P1, og var reporter og programleiar i Norgesglasset ei stund. Men for det meste er «stova» mi i Kveldsåpent.

Kull 13

Hans Henrik Løken (1988), frå Odda i Hordaland

Hilde Zahl (1982), frå Bryne på Jæren

Karl Kristian Langeland (1984), frå Hellesylt, Møre og Romsdal

Hans Kristen Hyrve (1985), frå Skjåk i Oppland

Vegard Troøyen Foseide (1984), frå Fræna, Møre og Romsdal