Idun Fivelstad

Idun Fivelstad

Fødd: 1987

Frå: Rindal, Møre og Romsdal

No: Lektor ved Ole Vig vidaregåande skule.

Idun Fivelstad gjekk på kull 19, 2013/2014. Ho hadde ekstern praksis i Norgesglasset i NRK P1, på Tyholt. Har etterpå arbeidd som lektor i vaksenopplæringa i Rindal kommune, og undervist framandspråklege i norsk. Frå hausten 2017 lektor ved Ole Vig vidaregåande skule i Trondheim.

Fivelstad er utdanna lektor i nordisk språk og idretts- og samfunnsvitskap ved NTNU i Trondheim. I studietida oppdaga ho «ein gryande kjærleik for journalistikk og radio i Radio Revolt – Studentradioen i Trondheim». Der var ho med i 4 år, og forsøkte seg som litteraturkritikar, kulturreporter og kulturredaktør.

-Dialekta mi og det nynorske språket tyder mykje for meg, og difor var det verkeleg kjekt å vere i «Nynorskland» som nynorskpraktikant, seier Idun Fivelstad.

 

 

 

Kull 19

Tale Hauso (1991), frå Odda i Hordaland

Britt Kristin Ese (1985), frå Jostedalen i Sogn

Eirik Hildal (1985), frå Stord i Sunnhordland

Lars Ivar Nordal (1986), frå Volda på Sunnmøre

Idun Fivelstad (1987), frå Rindal på Nordmøre