Ine Eftestøl

Ine Eftestøl

Fødd: 1984

Frå: Bryne i Rogaland

No: Journalist i NRK Finnmark

Ine Eftestøl var nynorskpraktikant på kull 21, 2014/2015. Ho hadde ekstern praksis i NRK Rogaland. Etter at ho var ferdig som nynorskpraktikant var ho vikar/tilkallingsvikar i NRK Rogaland, og vikar i NRK Supernytt, med Rogaland som base. Som videojournalist laga ho innslag både for Supernytt og Norge Rundt. Fast tilsett som journalist i NRK Finnmark frå januar 2017.

Det tok ei stund før eg fann ut at journalistikk var det eg ville gjera, men då «lyset gjekk på» var det til gjengjeld ingen tvil. Etter vidaregåande studerte eg idrettspsykologi, men etter tre år i Australia og ein bachelor i psykologi fann eg ut at det ikkje var vegen vidare. Journalistikk freista, eg vart i Australia to år til og tok ein master i journalistikk og ein master i kommunikasjon.

Etter at eg kom heim frå Australia arbeidde eg med mykje forskjellig. Har blant anna vore medieansvarleg i Bryne Fotballklubb, arbeidd i Rogalands Avis,vore lærar og arbeidd i psykiatrien.

Eg føler meg priviligert som fekk denne hestekuren av ei opplæring i NRK Nynorsk mediesenter. Journalistikk er det gildaste og mest spanande, engasjerande og utfordrande eg kan tenkja meg å arbeida med, og eg er utruleg glad for å ha fått denne opplæringa i Førde!

Kull 21

Tor-Erik Humlen (1988), Frå Langevåg, Møre og Romsdal

Hibba Sarmadawy (1987), frå Libanon og Øystese i Hordaland

Elias Engevik (1995), frå Solund i Sogn og Fjordane.

Sigrid Agnethe Hansen (1989), Frå Harstad i Troms

Ine Eftestøl (1984), frå Bryne i Rogaland.