Ingebjørg Bø

Ingebjørg Bø

Fødd: 1977

Frå: Bø i Telemark

No: Journalist Telemarksavisa

Ingebjørg Bø gjekk på det andre kullet med nynorskpraktikantar, på etterjulsvinteren i 2005. Ho hadde praksis i NRK Telemark og var tilkallingsvikar der. Ingebjørg Bø er journalist Telemarksavisa.

– Før halvåret mitt ved Nynorsk mediesenter hadde eg lagt bak meg eit ni månader langt vikariat som journalist i nynorskavisa Vest-Telemark blad. Parallelt med dette avslutta eg også hovudfaget mitt i kulturstudiar, der språk, kultur og media pregar fagkombinasjonen min.

Etter tida mi i Nynorsk mediesenter vart eg tilkallingsvikar i NRK Telemark og var frilansar for Vest-Telemark blad, Bø blad, TA (Telemarksavisa) og Jol i Telemark. Frå april 2007 fekk eg fast jobb som «milslukar» og journalist i TA, med kontorstad i Bø. Frå 2015 har eg også hatt delvis kontorstad i Åmot i Vinje, med Midt- og Vest-Telemark som primære dekningsområde. Sidan 2011 har eg dessutan vore fast bidragsytar til «Telemark Tidend» – ei vekentleg firesiders nynorskavis i TA kvar fredag. Telemark Tidend er eit samarbeid mellom TA og Mållaget Dag. Her er nynorsk eit «must», og eg, som einaste faste nynorskskrivar i avisa, får mykje ros for å nytte eit naturleg og stolt nynorsk språk i ei elles bokmålsdominert avis. Ein slik pondus skal Nynorsk mediesenter ha mykje av æra for å ha avla fram!»

Kull 2

Eli Fossdal Vaage (1984), frå Lindås i Hordaland

Ingebjørg Bø (1977), frå Bø i Telemark

Birte Njøsen Horne (1984), frå Florø, Sogn og Fjordane

Solveig Hareide (1983), frå Florø, Sogn og Fjordane

Janne-Marit Myklebust Falch (1981), frå Ørsta, Møre og Romsdal