Inger Johanne Sæterbakk

Inger Johanne Sæterbakk

Fødd: 1981

Frå: Bodø, Nordland

No: Nettredaktør i Norges Bondelag

Inger Johanne Sæterbakk gjekk på det fyrste kullet med nynorskpraktikantar, i 2004/05. Ho arbeidde fleire år i NRK etterpå, mellom anna i NRK Finnmark og NRK Troms. Ho var informajsonsmedarbeidar både i Hålogaland teater og Trømsø kommune. I 2013 var ho leiar for Språkåret og i juni 2014 byrjar ho i fast jobb som nettredaktør i Norges Bondelag.

– Då eg fekk praktikantplass på det første kullet på Nynorsk mediesenter i 2004, hadde eg studert nordisk, historie og kulturhistorie på Blindern i tre år. På fritida dreiv eg med organisasjonsarbeid, og var mellom anna redaktør for medlemsavisa til Norsk målungdom. For meg var Nynorsk mediesenter ei unik moglegheit til å komme inn i journalistikken. Eg jobbar i NRK i 3,5 år etter at praktikanttida var over, og har seinare jobba med kommunikasjon. Halvåret på Nynorsk mediesenter sendte meg ut i ein yrkeskarriere som ville sett veldig annleis ut viss eg hadde halde fram med å studere.

 

Kull 1

Eli Bjelland (1981), frå Stord i Hordaland

Knut Åge Teigen (1970), frå Årdal, Sogn og Fjordane

Svein Ove Hansli (1976), frå Vinje i Telemark

Maria Rivedal (1981), frå Naustdal i Sunnfjord/Oslo

Inger Johanne Sæterbakk (1981), frå Bodø, Nordland