Ingrid Brandal Myklebust

Ingrid Brandal Myklebust

Fødd: 1986

Frå: Fosnavåg, Møre og Romsdal

No: Permisjon frå jobben som kommunikasjonsrådgjevar i Barne-og likestillingsdepartementet.

Ingrid Brandal Myklebust var nynorskpraktikant på kull 14, våren 2011. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsrevyen og etterpå var ho vikar der jamsides studiane. Ho har permisjon frå jobben som kommunikasjonsrådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet for å jobbe i Røde Kors.

Ingrid Brandal Myklebust oppsummerer CV-en sin slik:

– Gjekk idrettslinja på vidaregåande i Ulsteinvik og drog etter dette til Sør-Spania der eg tok eit år medisin grunnfag. Brukte eit år på å reise i Latin-Amerika og å bu i Barcelona, før turen gjekk til Trondheim og ein bachelor i Europastudiar med spansk. I løpet av åra her gjekk også mykje av tida med til å vere frivillig på Studentersamfundet, UKA og ISFiT. Eit halvår tilbragte eg i Madrid på utveksling. Hausten 2010 starta eg på ein master i statsvitskap på Universitetet i Oslo, men søkte permisjon frå studiane for å ta til på Nynorsk mediesenter i januar 2011. Har sidan då fullført masteren og fått svært verdifull arbeidserfaring i Dagsrevyen og Sporten.

Kull 14

Jonas Sætre (1986), frå Stord i Hordaland

Ingrid Brandal Myklebust (1986), frå Fosnavåg, Møre og Romsdal

Ingvild Nave (1990), frå Bryggja, Sogn og Fjordane

Gry Brekke Hustveit (1983), frå Sola i Rogaland

Christian Wiik Gjerde (1981), frå Tjørvåg i Møre og Romsdal