Ingrid Hognaland

Ingrid Hognaland

Fødd: 1986

Frå: Nedre Vats, Rogaland

No: Rådgjevar i Apeland

Ingrid Hognaland gjekk på kull 5, 2006/2007. Ho hadde praksis ved lokalkontoret til NRK Rogaland i Haugesund. Arbeidde som journalist i Tysvær Bygdeblad og som nettjournalist i Haugesund Avis, før ho utdanna seg til siviløkonom ved Norges Handelshøgskule. Var tilkallingsvikar i NRK Hordaland medan ho studerte på NHH. Etter avslutta utdanning våren 2014 fekk ho jobb som forskar/analytikar ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI). Hognaland byrja som rådgjevar i kommunikasjonsbyrået Apeland våren 2017.

– Før Nynorsk Mediesenter hadde eg studert eit år ved Universitetet i Oslo, der eg tok fag innan tysk og statsvitskap. Eg jobba då som frivillig ved studentradioen i Oslo, Radio Nova, og der møtte eg ein tidlegare nynorskpraktikant som tipsa meg om å søka Nynorsk Mediesenter.

Etter at tida som nynorskpraktikant var over haldt eg fram som tilkallingsvikar ved NRK Rogaland sitt Haugesundskontor i nokre månadar, før eg byrja i ei fast stilling som journalist i lokalavisa Tysvær Bygdeblad. Etter eit år der fekk eg tilbod om jobb i Haugesunds Avis sin nettredaksjon, der eg jobba i eit år.

Sidan eg berre hadde eit år med høgare utdanning ønskte eg å ta meir utdanning og flytta til Bergen og starta å studera økonomi. Eg fullførte ei bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved Norges Handelhøgskole (NHH) i 2012, og mastergrad i økonomi og administrasjon ved NHH  våren 2014. Som del av masterutdanninga mi reiste eg hausten 2013 på utveksling til American University i Washington DC i USA.

Medan eg studerte i Bergen var eg tilkallingsvikar i NRK Hordaland og jobba hovudsakeleg på nett, seier Hognaland.

 

 

 

Kull 5

Bjarte Vik Myklebust (1986), frå Ålfoten i Sogn og Fjordane

Marianne Feste (1981), frå Seim, Lindås i Hordaland

Gøril Furu (1984), frå Sunndalsøra i Møre og Romsdal

Vidar Eidhammer (1984), frå Skjold, Vindafjord i Rogaland

Ingrid Hognaland (1986), frå Nedre Vats, Rogaland