Mona Vetrhus

Mona Vetrhus

Fødd: 1975

Frå: Uskedalen, Hordaland

No: Litterær rådgjevar i "Leser søker bok"

Mona Vetrhus gjekk på det sjette kullet med nynorskpraktikantar, våren 2007. Ho har fast jobb som litterær rådgjevar i «Leser søker bok», ei forreining som arbeider for at alle skal ha tilgang på  gode bøker.

Vetrhus vaks opp på ein gard i Uskedalen og har budd fleire år i Frankrike, Nederland og Belgia. Vetrhus er utdanna litteraturvitar, og har i tillegg studert språk, psykologi og gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho har jobba fire år i NRK, blant anna i NRK Super, Kulturnytt, Scenerom, Bok i P2, Kulturhuset og som programleiar for diktprogrammet Diktafon på P2. I 2012 debuterte ho med boka Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld på Oktober forlag. No skriv ho på ei ny bok.

Kull 6

Gunnhild Sølvberg (1978), frå Førde, Sogn og Fjordane

Mona Vetrhus (1975), frå Uskedalen i Hordaland

Yngvil Kolset Haga (1980), frå Verdal, Nord-Trøndelag

Inger Synnøve Tveito (1985), frå Kviteseid i Telemark

Ragnhild Bjørge (1977), frå Klokkarvik i Hordaland