Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad

Fødd: 1983

Frå: Bryne, Rogaland

No: Forfattar/lærar forfattarstudiet i Bø og Gøteborg

Ingrid Z. Aanestad gjekk på det fjerde kullet med nynorskpraktikantar, våren 2006. Ho hadde ekstern praksis i Kulturbeitet i NRK P2, og arbeidde som vikar der etterpå. No er ho forfattar og underviser litt ved Forfattarstudiet ved Høgskulen i Bø i Telemark og i Litterär gestaltning ved kunstakademiet i Gøteborg. Aanestad skriv også artiklar/essays om litteratur. Ho har gjeve ut fem bøker sidan debuten i 2006. Den femte romanen heiter Sibylle, og kom ut hausten 2016.

Før Aanestad vart nynorskpraktikant hadde ho teke Forfattarstudiet ved Høgskulen i Bø, under professor Eldrid Lunden si leiing. Ho hadde studert kjønnsvitskap ved Universitetet i Gøteborg, og litteratur og lingvistikk ved Université Paul Valéry i Montpellier, Frankrike.

 

 

 

Kull 4

Erlend Blaalid Oldeide (1984), frå Raudeberg i Sogn og Fjordane

Bergit Sønstebø Svendseid (1984), frå Drangedal i Telemark

Asgeir Reksnes (1979), frå Eid i Sogn og Fjordane

Ingrid Z. Aanestad (1983), frå Bryne i Rogaland

Øystein Windstad (1983), frå Aukra, Møre og Romsdal