Ingunn Rauk

Ingunn Rauk

Fødd: 1983

Frå: Grendi, Aust-Agder

No: Produsent i Ekko, NRK P2.

Ingunn Rauk gjekk på kull 16, våren 2012. Ho hadde ekstern praksis i Kulturhuset i NRK P2, arbeidde i Dagsnytt og var vikar og tilkallingsvikar i fleire avdelingar på Marienlyst, før ho fekk fast tilsetting i Marienlystdivisjonen sommaren 2014. Rauk er produsent for Ekko i NRK P2.

– Før eg byrja på Nynorsk mediesenter var eg informasjonsmedarbeidar i studentportalen Utdanning i Bergen, som informerer om studietilboda i Bergen, og er organisert av Universitetet i Bergen. Eg arbeidde også i interiørbutikken Røst i same by. Og før dette att tok eg ein mastergrad i engelsk litteratur ved UiB, eg skreiv oppgåve om Virginia Woolf. Eg studerte også kunsthistorie, litteraturvitskap, omsetjing, nettpublisering og praktisk informasjonsarbeid. Eitt semester var eg utvekslingsstudent ved University of Southampton.

Vegen til Bergen fann eg via italiensklinja ved Fana folkehøgskule, og dit kom eg frå heimbygda Grendi, i Bygland kommune i Setesdal.

Kull 16

Raymond Lidal (1986), frå Bømlo, Hordaland

Katrine Nybø (1986), frå Ørsta, Møre og Romsdal

Hans-Olav Rise (1991), frå Ulsteinvik, Møre og Romsdal

Ingunn Rauk (1983), frå Grendi i Setesdal

Wilhelm Støylen (1980), frå Kvamsøy, Møre og Romsdal