Ingunn Thon

Ingunn Thon

Fødd: 1986

Frå: Ål i Buskerud

No: Journalist i NRK Super

Ingunn Thon gjekk på kull 10 med nynorskpraktikantar, våren 2009. Ho hadde ekstern praksis i NRK Super og fekk fast tilsetting der same året. Ho har arbeidd både i Jule- og Påskemorgon i NRK Super og i Reiseradioen. I 2017 har ho skrive «Påskekrimmen» i NRK Super, og skal framover arbeide med some- og nettinnhald på nettdesken til NRK Super.

Våren 2016 var ho ferdig med ein bacehelorgrad ved Westerdals høgskule, på lina for «Tekst og skribent».

– Framover skal eg jobbe med utvikling i Super. Er framleis dokkespelar der. Før eg kom inn på NRK Nynorsk mediesenter hadde eg gått musikk og teater på folkehøgskule i Trondheim. Tok deretter eit år med filmvitenskap på NTNU og eit år med barneteater på Dronning Mauds Minne Høgskule (DMMH) i Trondheim, seier Thon. Ho hadde også vore vikar i barnehage og skule, arbeidd på butikk og drive mykje med revy og teater.

 

Kull 10

Ingvild Ryssdal (1983), frå Sandane, Sogn og Fjordane

Malin Olivia Dahlberg (1982), frå Valldal på Sunnmøre

Anna Gytri (1984), frå Førde, Sogn og Fjordane

Siri Kleiven Strøm (1987), frå Årdal, Sogn og Fjordane

Ingunn Thon (1986), frå Ål i Buskerud