Ingvil Aaen Torpe

Ingvil Aaen Torpe

Fødd: 1982

Frå: Voss i Hordaland

No: Gruppeleiar i teknologi Region Vest

Ingvild Aaen Torpe gjekk på kull 12, våren 2010. Ho hadde praksis i NRK Hordaland og fekk fast jobb der i 2013. No er ho tilsett som gruppeleiar for teknolog i NRK Region Vest, som omfattar distriktskontora NRK Rogaland, NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane. Ho har for tida foreldrepermisjon og byrjar i den nye jobben i juni.

Ho har hatt ulike jobbar i programavdelinga på Minde, og fleire av dei har medført leiaransvar. Ho har vore klippar, men også vaktsjef i Førkveld, prosjektleiar for Påskekveld og no sist redaktør på Superbonden, alt program på NRK 1.

Slik oppsummerer ho seg sjølv:

Utdanning: Eit år på Møre folkehøgskule (tv/film), grunnfag medievitenskap frå NTNU, Bachelor i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS.

Arbeidserfaring innan media: 2005-2012: frilansoppdrag for NRK, TV 2, Nordisk Film & TV og Monster Entertainment. Hos tv-kanalane hadde eg oppdrag som fotograf og redigerar, medan eg jobba som LET-regissør for produksjonsselskapa. I perioden 2005-2009 arbeidde eg i all hovudsak for Monster Entertainment.

Frå 2010 har eg for det meste jobba i NRK, med nokre frilansoppdrag innimellom (som LET-regissør og redaktør).

Fast jobb i NRK Hordaland frå 1. januar 2013. Har jobba som vaktsjef, prosjektleiar, fotograf og redigerar.

Kull 12

Astrid Marie Grov (1984), frå Hovin i Telemark

Ingvil Aaen Torpe (1982), frå Voss i Hordaland

Kristin Vestreim (1982), frå Kaupanger i Sogn og Fjordane

Mari Langva (1986), frå Volda, Møre og Romsdal

Gunn Evy Auestad (1986), frå Karmøy, Rogaland