Ingvild Nave

Ingvild Nave

Fødd: 1990

Frå: Bryggja, Sogn og Fjordane.

No: Kulturjournalist i Bergens Tidende

Ingvild Nave gjekk på kull 14, 2011/12. Etterpå kombinerte ho Europastudiar ved UiB med tilkalling/vikariat i NRK Hordaland. Hausten 2014 var ho praktikant ved Norge sin EU-delegasjon i Brussel, og våren 2015 var ho vikar som rådgjevar i utanriksgruppa ved EU-delegasjonen. Nave var ferdig med master vd Universitetet i Bergen våren 2017, og er no kulturjournalist i Bergens Tidende.

– Før Nynorsk mediesenter hadde eg gått medielina med Firda vidargåande skule i tillegg til at eg hadde hatt sommarjobbar og helgearbeid i Fjordenes Tidende i Måløy. I tillegg hadde eg også hatt praksisopphold på NRK-kontoret i Måløy og P2 i Oslo. Året etter vidaregåande gjekk eg Radio & Lydproduksjon på Danvik folkehøgskule i Drammen. Vidare flytta eg til Bergen for å studere internasjonal marknadsføring ved BI. Eit halvt år ut i studiet kom telefonen frå Nynorsk mediesenter, og då var valet enkelt. Etter den journalistiske hestekuren i Førde reiste eg tilbake til Bergen og fekk tilkallingsvikariat i NRK Hordaland. Har arbeidd der jamsides studiane ved Universitet i Bergen. Men så skulle ikkje NRK bruke tilkallingsvikarar lenger og eg hamna i Bergens Tidende.

Kull 14

Jonas Sætre (1986), frå Stord i Hordaland

Ingrid Brandal Myklebust (1986), frå Fosnavåg, Møre og Romsdal

Ingvild Nave (1990), frå Bryggja, Sogn og Fjordane

Gry Brekke Hustveit (1983), frå Sola i Rogaland

Christian Wiik Gjerde (1981), frå Tjørvåg i Møre og Romsdal