Ingvild Ryssdal

Ingvild Ryssdal

Fødd: 1983

Frå: Sandane, Sogn og Fjordane

No: Journalist NRK Dagsnytt

Ingvild Ryssdal gjekk på det tiande kullet med nynorskpraktikantar, våren 2009. Ho er fast tilsett i nyhenderedaksjonen på Marienlyst.

– Eg jobbar som programleiar og produsent i NRK Dagsnytt og NRK Alltid Nyheiter. Etter halvåret som nynorskpraktikant hadde eg sommarjobb som reporter på nett, TV og i radio i NRK Sogn og Fjordane, før eg starta som reporter i Dagsnytt hausten 2009. Eg har ein mastergrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, der eg fordjupa meg i europeisk integrasjon. Graden omfattar halvanna års studiar  ved Humboldt-Universität zu Berlin, samt kurs i russisk politikk ved Moskow State Institute of International Relations. I studietida sat eg i styret i Studentersamfunnet i Bergen, og jobba mellom anna som seminarleiar ved Universitetet i Bergen og som informasjonsmedarbeidar ved turistinformasjonen i Bergen.

Kull 10

Ingvild Ryssdal (1983), frå Sandane, Sogn og Fjordane

Malin Olivia Dahlberg (1982), frå Valldal på Sunnmøre

Anna Gytri (1984), frå Førde, Sogn og Fjordane

Siri Kleiven Strøm (1987), frå Årdal, Sogn og Fjordane

Ingunn Thon (1986), frå Ål i Buskerud