Ivar Folkedal

Ivar Folkedal

Fødd: 1983

Frå: Ål, Buskerud

No: Frontredigerar i Dagens Næringsliv

Ivar Folkedal gjekk på kull 7, 2007/08. Han hadde ekstern praksis i NRK.no. I dag er han frontredigerer i Dagens Næringsliv, etter å ha jobba i NRK, Egmont Hjemmet Mortensen, VG og P4.

Folkedal gjekk Nynorsk mediesenter etter å ha fullført ein bachelorgrad i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Etter praktikanttida jobba han tre år i nyhendeavdelinga i NRK, og tok samtundes master i journalistikk ved Universitetet/Høgskulen i Oslo.

–  Journalistopplæringa i Førde gav meg kjærkomen praktisk erfaring og foten innanfor mediebransjen. Den inngangsbilletten kunne eg ikkje vore forutan, seier han. Ivar Folkedal hadde ekstern praksis i NRK.no, og heldt i etterkant fram som reporter og frontredigerer. På Marienlyst fekk han også erfaring frå Dagsnytt og debattprogramma ”Redaksjon En” og ”I Kveld”. Etter avslutta studier vikarierte han som nyhendeanker og reporter i P4.

I 2011 fekk Folkedal fast jobb som vaktsjef i digital avdeling hos Egmont Hjemmet Mortensen. Der fekk han leiarerfaring og samarbeidde tett med Aftenposten og Dagbladet. Sommaren 2013 hadde han permisjon for å jobbe som frontsjef i VG.

I mars 2014 vart Ivar Folkedal tilsett som frontredigerer i DN, og bidreg i den digitale omlegging av avisa.

 

Kull 7

Ingunn Viken (1980), frå Ona, Møre og Romsdal

Ivar Folkedal (1983), frå Ål i Hallingdal

Eline Buvarp Aardal (1984), frå Namndalseid, Nord-Trøndelag

Håvard Tvedte (1981), frå Stord, Hordaland

Eva Marie Felde (1981), frå Breim, Gloppen i Sogn og Fjordane