Jon Bolstad

Jon Bolstad

Fødd: 1987

Frå: Sogndal, Sogn og Fjordane

No: Journalist i NRK Hordaland.

Jon Bolstad gjekk på kull 17, i 2012/13. Han hadde ekstern praksis i NRK Sogn og Fjordane, men reiste til Bergen etterpå for å gjere ferdig studiar han hadde byrja på. Fekk fast jobb i NRK Hordaland sommaren 2015 og arbeider som journalist for både nett, radio og fjernsyn.

– Før eg flytta til Førde og Nynorsk mediesenter har eg vore innom mykje forskjellig. Først gjekk eg eit år på folkehøgskule i Sunnhordland der eg slo på trommer eitt år, før eg byrja på årsstudium i historie ved Universitetet i Bergen. Deretter tok eg fatt på allmennlærarutdanning med musikkfag på Høgskulen i Bergen. Fullførte eitt år der, men var framleis usikker på kva eg ville «bli». Eg tok så fatt på ein bachelor i Nye medier ved UiB. I bacheloroppgåva mi hadde eg ansvar for brukartesting og interaksjonsdesign på ein mobilapplikasjon for Universitetetsbiblioteket. Gjennom dei tre åra på Nye medier, hadde vi fleire fag saman med journalistikk- og film/tv-studentane. Eg merka etterkvart at eg var meir oppteken av å laga godt innhald og fortelja historiar, framfor å skriva flotte HTML5- og CSS-kodar.

Så eg søkte meg til Nynorsk mediesenter, noko som har synt seg å vera noko av det luraste eg har gjort. No jobbar eg i NRK Hordaland, der eg har vore sidan mars 2013. Her vekslar eg mellom å lesa dei lokale nyheitene på radio og å vera nettjournalist. Eg likar å jobbe med riksnyheiter og lokale nyheiter, og eg er også glad i å jobba med det som skjer «akkurat no». Såleis passar eit kontor som NRK Hordaland perfekt.

I tillegg til å vera student har eg opp gjennom åra jobba i barnehagar og på Gilde-fabrikk. Store delar av fritida mi går med til å slå trommer i fleire band.

Kull 17

Kjersti Hetland (1985), frå Bryne på Jæren

Marte Halsør (1988), frå Halsør, Vågsøy i Sogn og Fjordane

Tale Høyem (1990), frå Os i Hordaland

Jon Bolstad (1987), frå Sogndal, Sogn og Fjordane

Stine Kyrkjebø Johansen (1990), frå Kyrkjebø, Høyanger i Sogn og Fjordane