Jonas Sætre

Jonas Sætre

Fødd: 1986

Frå: Stord, Hordaland

No: Redaktør nettavisa Stord24.no

Jonas Sætre var nynorskpraktikant på kull 14, våren 2011. Han hadde praksis i NRK.no, og arbeidde der i 2,5 år etterpå. Sidan har han vore journalist i Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og møtesekretær i Stord kommune. I 2016/17 var han frilansjournalist og produsent/ programleiar for sin eigen podkast utenfilter.net. Den einaste nynorske podkasten i landet. Frå mars 2017 er han redaktør for nettavisa Stord24.no

– Før eg starta ved NRK Nynorsk Mediesenter studerte eg historie ved Universitetet i Bergen. Som ein del av denne bachelorgraden tok eg eit semester i Washington D.C. der eg studerte amerikansk politikk, samtidig som eg var praktikant ved den amerikanske kongressen. Etter at eg var ferdig som student jobba eg i eitt år som lærarvikar for vaksne framandspråklege i Oslo.

 

 

 

 

Kull 14

Jonas Sætre (1986), frå Stord i Hordaland

Ingrid Brandal Myklebust (1986), frå Fosnavåg, Møre og Romsdal

Ingvild Nave (1990), frå Bryggja, Sogn og Fjordane

Gry Brekke Hustveit (1983), frå Sola i Rogaland

Christian Wiik Gjerde (1981), frå Tjørvåg i Møre og Romsdal