Josef Benoni Ness Tveit

Josef Benoni Ness Tveit

Fødd: 1997

Frå: Askvoll, Sogn og Fjordane

No: Student Høgskulen på Vestlandet

Josef Benoni Ness Tveit var nynorskpraktikant på kull 25, 2016/17. Han hadde ekstern praksis i NRK Nordland og fekk vikariat der etterpå. Hausten 2017 byrja han på studiar i samfunnskunnskap ved Høgskulen på Vestlandet, i Sogndal. Tveit vart nynorskpraktikant rett etter vidaregåande skule, med tre år på medium og kommunikasjon. Han har hatt fleire verv i frivillige organisasjonar som Røde Kors og AUF. Frivillig arbeid har han også gjort for mellom anna Ungdoms-OL på Lillehammer (Youth Olympic Games Lillehammer 2016).

Josef Benoni skildrar seg sjølv slik:

Då eg kom til Nynorsk mediesenter følte eg meg ganske naken. Mellom bachelorgradar, masteroppgåver og lange CV-ar stod eg med berre tre år på vidaregåande i ryggsekken. For ein gardsgut frå nabokommunen Askvoll var ikkje turen til Førde lang . Likevel var det store forskjellar i miljøet, og denne kjennskapen til bygdedyret skulle seinare komme meg til nytte. «Storbyen» var ikkje noko for meg, men eg ofra min behagelege tilværelse i bygda for å jage mine draumar og flytta ut då eg var 16.

Dei neste tre åra skulle eg lære mykje. Medium og kommunikasjon opna ei heilt ny verd for meg, ei verd der eg blei eit talerøyr. Først gjennom fotografi og film, deretter gjennom tekst og radio, fekk eg moglegheita til å tale med heile verda og fortelje om det eg meinte var viktig. Eg fekk reise til utlandet og jobbe med ekte produkt for ekte kundar med ekte forventningar. Skulen opna så utruleg mange dører at det til tider blei vanskeleg å henge med. Desse moglegheitene eg fekk ser eg i ettertid på som ubeskrivelig gode for meg som person.

Desse dørene som opna seg var ikkje berre i skulesamanheng. Gjennom arbeid med asylsøkjarar i Røde Kors, styreverv i AUF, deltidsarbeid i lokalavisa og freelanceoppdrag tente eg opp verdifulle erfaringar som førte meg til livsendrande kjangsar, som frivillig arbeid ved Ungdoms-OL på Lillehammer i 2016. Alle desse opne dørene førte til at eg endra meg som person på berre tre år, og skapte draumen om jobb i NRK.

Eg hadde aldri venta å få den telefonen. Telefonen som eg berre hadde drøymd om. Telefonen som sa at eg fekk lov til å drive med det eg elska mest av alt, heile dagen! Moglegheita til å jobbe som praktikant ved Nynorsk mediesenter er noko eg kjem til å verdsetje resten av livet, og er, vonleg, min nøkkel til å drive med det eg aller helst vil; å fortelje!