Karoline Kalstveit

Karoline Kalstveit

Fødd: 1984

Frå: Skjold, Rogaland

No: Arkitekt i Origo arkitektgruppe

Karoline Kalstveit gjekk på det tredje kullet med nynorskpraktikantar i 2005/2006. Ho hadde ekstern praksis i NRK Rogaland, men flytte til Bergen og var tilkallingsvikar/vikar i NRK Hordaland jamsides studiar. Kalstveit var også innom TV2 ein sommar. Ho hoppa av journalistikken og utdanna seg til arkitekt ved Bergen Arkitekthøgskule.

Der vann ho i desember 2015 prisen for beste studentoppgåve, for eit prosjekt om overgangar. Ho hadde studert fysiske og psykiske barrierar på tettstaden Unstad i Lofoten. På grunnlag av desse barrierane hadde ho utforma enkle tiltak som kan stimulere til ny bruk av landskapet og nye møte mellom menneske. Sjå meir på Statsbygg

Før Kalstveit byrja på Nynorsk mediesenter i 2005 hadde ho friluftsutdanning ved havlinja på Lofoten folkehøgskule. Ho hadde vore diplomkandidat ved International Baccalaureace (IB) på St. Olav vidaregåande i Stavanger, og utvekslingsstudent ved «el coligo La Esperanza» i Valencia i Venzuela. Ho hadde arbeidd på gard, i butikk, på sjukeheim og vore reinhaldar.

Kull 3

Sølve Rydland (1984), frå Knarvik i Hordaland

Marita Haugo Røkeberg (1982), frå Nesbyen i Buskerud

Gisle Forland (1981), frå Mosjøen i Nordland

Karoline Kalstveit (1984), frå Skjold, Vindafjord i Rogaland

Håvard Hamnaberg (1978), frå Vågsvåg, Vågsøy i Sogn og Fjordane