Kathrine Nygård

Kathrine Nygård

Fødd: 1993

Frå: Longva

No: Programleiar i Skolefri, NRK Super

Kathrine Nygård var nynorskpraktikant på kull 25 med nynorskpraktikantar, 2016/17. Ho hadde ekstern praksis i programmet Skolefri i NRK Super. Etterpå vart ho medprogramleiar i Skolefri, saman med Sigrid Velle Dybukt.

Kathrine er fødd i India, og kom til Longva på Sunnmøre fem månader gamal. Ho har journalistutdanning frå Norges Kreative Høyskole i Oslo, og har vore journalist/frilansar for Eidsvoll Ullensaker Blad, Adopsjonsforum, Gaysir og Magasinet BLIKK. Nygård har vore prosjektleiar i Skeiv Ungdom, som rus- og psykisk helse-koordinator. Ho likar seg på scena og har halde på med teaterproduksjon sidan 1999.

Kathrine fortel dette om seg sjølv:

– Då eg var fem år byrja eg med teater. På mange måter kjennest det ut som om eg vaks opp på scena. Til fireårsdagen fekk eg ein kassettspelar med mikrofon, og med det følgde fleire år med slitsam ettermiddagsunderhaldning for heile familien. Eg har alltid visst kva eg skulle drive med i livet, men det har ikkje alltid vore lett å setje ord på det. Først ville eg bli skodespelar, men av frykt for å måtte spele feminine roller med rosa kjoler og sminke forstod eg at titteskapsteateret ikkje var mitt beite. Eg hadde og eit djupt ynskje om å nå ut til heile verda (i alle fall heile Noreg) med historiene eg ville fortelje, og då var det berre ein veg å gå – TV-bransjen. Ynskjet mitt var å få lov til å fortelje viktige historier som mange kunne ha nytte av. Eg ville skape noko. Etterkvart som eg var ferdig med både utdanning og eit par år som frilansjournalist fekk eg telefonen eg hadde venta på. Endeleg hadde eg fått innpass i favorittkanalen NRK. Kokongen er snart klekt og eg er klar! Ein dag håpar eg at eg kan få jobbe med verdas beste team og lage viktig underhaldning på radio og TV.