Katrine Nybø

Katrine Nybø

Fødd: 1986

Frå: Ørsta, Møre og Romsdal

No: Journalist i NRK Dagsnytt

Katrine Nybø var nynorskpraktikant på kull 16, våren 2012. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt og har arbeidd i nyhenderedaksjonane på Marienlyst etterpå. Fast tilsett frå juni 2014.

Før Nynorsk mediesenter gjekk eg eit år på medielina ved Rauma Folkehøgskule i Molde, i 05/06. Etterpå reiste eg rett til Bergen, for å ta eit årsstudium i Nordisk språk og litteratur ved Universitetet der. Deretter arbeidde eg eit år, for å få råd til min neste plan, som var eit halvår i New York. Der studerte eg Medievitskap, med ein god del journalistisk praksis.

Eg flytta til Trondheim våret 2009 og tok ei bachelorgrad i Medievitskap som var ferdig til jul 2011.På nyåret 2012 starta eg ved Nynorsk mediesenter.

Etter Nynorsk mediesenter har eg fått halde fram i Dagsnytt der eg hadde eksternpraksis. Arbeidsoppgåvene her varierer i alt frå reporter, programleiar og produsent, og mykje anna. Sjølv om eg har vore i Dagsnytt i  to år har eg omtrent aldri hatt ein dag lik den andre. Kvar dag er ei ny utfordring med nye arbeidsoppgåver, og eg kunne ikkje tenke meg å gjere noko anna, nokon anna stad. Alt dette er takka vere Nynorsk mediesenter og det fantastiske utgangspunktet eg fekk der. Fast tilsett i NRK juni 2014.

Kull 16

Raymond Lidal (1986), frå Bømlo, Hordaland

Katrine Nybø (1986), frå Ørsta, Møre og Romsdal

Hans-Olav Rise (1991), frå Ulsteinvik, Møre og Romsdal

Ingunn Rauk (1983), frå Grendi i Setesdal

Wilhelm Støylen (1980), frå Kvamsøy, Møre og Romsdal