Kjersti Anderdal Bakken

Kjersti Anderdal Bakken

Fødd: 1990

Frå: Gol i Hallingdal

No: Journalist i magasinredaksjonen, NRK P1 Tyholt.

Kjersti Anderdal Bakken var nynorskpraktikant på kull 23, 2015/16, med praksis i Norgesglasset i P1. Ho fekk fast jobb i NRK hausten 2016 og arbeider som programleiar i magasinredaksjonen i NRK P1, som omfattar mellom anna Norgesglasset og Kveldsåpent.

Bakken har master i musikkvitenskap frå NTNU, med fordjuping i mediefag. Ho skreiv masteroppgåve om musikkstrategien i NRK. Bakken hadde også arbeidd i lokalavisa Hallingdølen før ho vart nynorskpraktikant.

Slik presenterer Kjersti Anderdal Bakken seg sjølv:

I eit raudt hus, langs ein bein veg, ved elva som renn mellom to rakrygga fjell — der vaks eg opp. I Gol i Hallingdal. Eg var ho som fylte dagane til randen med song- og fiolinundervisning, kor, teater, fotball og handball. Med alderen måtte aktivitetane konsentrerast. Valet var vanskeleg, men det eg likte best av alt var å formidle — om det så var songtekstar eller scenemanus.

Det er denne formidlingsgleda som gjorde at eg, ved sidan av å studere til master i musikkvitskap ved NTNU, nytta mykje tid å studentradioen sine lokalar. Så kjekt det var! I to år fylte eg også feriane med journalistisk arbeid, som vikar og frilansar for lokalavisa Hallingdølen. Slik fekk eg også meirsmak for det skrivande medium. Eg søkte meg til Nynorsk mediesenter for både å utfordre og tilføre formidlingsevne mi og språket mitt noko meir.

Kull 23

Line Omland Eilevstjønn (1993), frå Åmot, Vinje i Telemark

Kjersti Anderdal Bakken (1990), frå Gol i Hallingdal

Even Lusæter (1979), frå Heidal/ Vågå, Oppland

Elise Sundfør Erdal (1986), frå Tysvær i Rogaland

Thomas Brakstad (1989), frå Meland i Hordaland