Kjersti Hetland

Kjersti Hetland

Fødd: 1985

Frå: Bryne, Rogaland

No: Journalist i NRK Rogaland.

Kjersti Hetland gjekk på kull 17, i 2012/13. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsrevyen og arbeidde der i eitt år etterpå, var også innom NRK utanriks som tilkallingsvikar før ho søkte seg vestover. Fast tilsett i NRK Rogaland.

– Før eg begynte på Nynorsk mediesenter handla det for det meste om Kina. Eg tok først ein bachelorgrad i Asiastiske og afrikanske studier, med fordjuping i kinesisk, ved Universitetet i Oslo. Gjennom studiet var eg på språkutveksling i Beijing i eit halvt år. For å læra meg meir kinesisk flytta eg i 2008 til Sichuan-provinsen, og der vart eg verande i nær to år.  I Sichuan jobba eg først som engelsklærar på ein fabrikk, så studerte eg kinesisk i eitt år ved Sichuan university, og etter det var eg praktikant hos ein kinesisk handelsorganisasjon. Då eg kom heim til Noreg att, begynte eg på ein mastergrad i kinesisk politikk og samfunn. Eg skreiv om arbeidstilhøva ved fabrikkar i Kina, og gjorde feltarbeid ved tre fabrikkar i byen Hangzhou.

Etter å ha brukt sju år av livet mitt på å prøve å forstå meg på Kina, fann eg ut at det var på tide å prøve ut det som har vore draumen heile tida, nemleg å bli journalist.

Ved Nynorsk mediesenter fekk eg bekrefta at journalistyrket er like spanande og kjekt som eg hadde håpa.

Å gå journalistopplæringa ved Nynorsk mediesenter trur eg må vera det smartaste eg har gjort. Det har vore ein fantastisk døropnar til det som, reint objektivt, må vera verdas beste jobb!

 

 

Kull 17

Kjersti Hetland (1985), frå Bryne på Jæren

Marte Halsør (1988), frå Halsør, Vågsøy i Sogn og Fjordane

Tale Høyem (1990), frå Os i Hordaland

Jon Bolstad (1987), frå Sogndal, Sogn og Fjordane

Stine Kyrkjebø Johansen (1990), frå Kyrkjebø, Høyanger i Sogn og Fjordane