Sara Myhren Kornberg

Sara Myhren Kornberg

Fødd: 1987

Frå: Volda i Møre og Romsdal

No: Fagkonsulent i Raudekrossen

Sara Myhren Kornberg var nynorskpraktikant på kull 11, 2009/10, og arbeidde fleire år i NRK etterpå. No er ho fast tilsett som fagkonsulent i Raudekrossen, eller Røde Kors som mange seier.

– Eg er utdanna litteraturvitar frå NTNU i Trondheim og journalist frå NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Mi journalistiske karriere starta som frilansar i lokalavisa då eg gjekk på vidaregåande. Det gav meirsmak, og i studietida tok eg frivillige verv som pressefunksjonær under kulturfestivalen UKA, og kulturjournalist i studentavisa Under Dusken. Etter NRK Nynorsk mediesenter har eg hovudsakleg jobba som radiojournalist, men skifta i 2013 beite, og byrja som kommunikasjonsrådgivar i Innovasjon Noreg. Deretter fekk eg eit vikariat i Statens pensjonskasse, der eg jobbar no, og er hovudansvarleg for medieovervaking, medieberedskap og mediehandtering.

Kull 11

Mathias Oppedal (1985), frå Nærbø, Rogaland

Simon Solheim (1990), frå Florø, Sogn og Fjordane

Sara Myhren Kornberg (1987), frå Volda, Møre og Romsdal

Aleksander Vallestad (1983), frå Stord, Hordaland

Bjørn Ivar Voll (1985), frå Nedstrand i Rogaland