Krista Lien Indrehus

Krista Lien Indrehus

Fødd: 1989

Frå: Bømlo

No: Student ved Skriveakademiet i Hordaland.

Krista Lien Indrehus gjekk på kull 25 med nynorskpraktikantar, 2016/17. Ho hadde ekstern praksis i Norgesglasset i NRK P1, på Tyholt. Etterpå arbeidde ho som lærar på vaksenopplæringa i Trondheim og var sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane. Frå hausten 2017 går ho på Skriveakademiet i Hordaland.

Indrehus er lektor med mastergrad i nordisk og årsstudium i samfunnsfag. Ho skreiv mastergrad om nordmenn med to internaliserte dialektar, og har hatt fleire vikariat i vidaregåande skule. Ho skildrar seg sjølv slik:

Heilt frå eg var lita har eg hatt sterk skrivelyst, formidlingsglede og interesse for alle sider av samfunnet vi lever i, og som lærar har eg i stor grad hatt arbeidsoppgåver som oppfyller desse interessene. I studietida jobba eg frivillig som journalist og korrekturlesar i studentavisa Under Dusken, der eg fekk utfalde og leike meg i ein redaksjon som heile tida strekte seg etter å bli betre. Når eg no prøver meg som journalist “på ordentleg”, er eg veldig glad for erfaringane eg gjorde meg der.

Sjølv om eg har budd, studert og jobba i Trondheim dei siste åtte åra, har eg ikkje blitt trønder. Eg er oppvaksen på Bømlo, øya ytterst i Hardangerfjorden, som er siste skanse før storhavet i vest. På grunn av familie er eg også sterkt knytta til øya Hovden og bygda Davik i Sogn og Fjordane, med sine ruvande fjell og harmoniske viker. Nærleiken til havet og den røffe kystnaturen har med andre ord vore hovudkulissa i oppveksten min, og kjensla av tilhøyring i to fylke har vore så sterk at dialekta mi ber alvorleg preg av det.