Kristin Vestreim

Kristin Vestreim

Fødd: 1982

Frå: Kaupanger, Sogn og Fjordane

No: Redaktør i prod.selskapet Monster

Kristin Vestreim gjekk på kull 12 med nynorskpraktikantar, våren 2010. Ho hadde ektern praksis i musikkredaksjonen til NRK P2 og arbeidde i NRK ei tid etterpå. No er ho redaktør i produksjonsselskapet Monster.

– Min skulegang starta på Kaupanger skule i eit raudt trehus med ei grå og sliten fotballbane framfor. Fotball og hest var mine største gleder i livet. Vidaregåande tok eg i Sogndal, og der skjønte eg at eg måtte finne på noko anna enn å berre spele fotball. Så da byrja eg i band, og sidan sat kulturinteressa fast. Planen etter allmennfag, var jazzlinja på Folkehøgskule. I staden vart det kunsthistorie på NTNU i to år. Trondheim var fint, men eg klarte ikkje heilt å sleppe tanken på å studere musikk, så da flytta eg til Malmø i 2002 og gjorde det.

Ein realitetssjekk seinare, fann eg vel ut at å leve av musikk var noko som ville krevje fullt fokus og innsats. Eg var ikkje heilt overtydd, så eg for til Australia eit år for å tenke over saken. Eg har alltid vore språkinteressert, så det var vel då eg kom på at Nordisk språk og lingvistikk faktisk var noko eg kunne studere, og til og med overleve på etter endt studie.  Så då flytta eg like godt til Oslo for å studere språk. Mange studiepoeng seinare, endte eg likevel ikkje på jobben eg vart tilbydd som faglærar i Norsk på Romsås skule, men takka heller ja til ein jobb som manus og korrekturlesar i eit reklamebyrå.  Det var her eg merka at eg var på sporet av noko. Eg likte godt den delen som handla om regi, skriving og produksjon. Men reklamebiten var ikkje heilt mi greie. Det var då eg fann Nynorsk mediesenter som sidan har gitt meg moglegheit til å jobbe som reporter, programleiar, musikkprodusent, teknikar, produsent og vaktsjef. I P1, P2 og P3. På NRK1, NRK3 og TV2, i radio, på TV og på nett.  Då visste eg i alle fall at eg endeleg har havna i rett bransje.

Kull 12

Astrid Marie Grov (1984), frå Hovin i Telemark

Ingvil Aaen Torpe (1982), frå Voss i Hordaland

Kristin Vestreim (1982), frå Kaupanger i Sogn og Fjordane

Mari Langva (1986), frå Volda, Møre og Romsdal

Gunn Evy Auestad (1986), frå Karmøy, Rogaland