Lars Erik Andreassen

Lars Erik Andreassen

Fødd: 1991

Frå: Sandnes, Rogaland

No: Masterstudent i Entrepenørskap ved NTNU.

Lars Erik Andreassen gjekk på kull 15, 2011/12. Har vore vikar i ulike redaksjonar på Tyholt, etter at han hadde praksis i P3. Våren 2016 var han ferdig med ein bachelor i film- og videoproduksjon ved NTNU, og fekk eit vikariat som producer i NRK-programmet. Hausten 2017 byrja han på ein Master i Entrepenørskap ved NTNU, og arbeider 20 % i Newton fram til jul.

Andreassen har også jobba med produksjon av kortfilm og musikkvideo i Trondheim, og vore fagutviklar for Studentmediene i Trondheim. – Med ein Master i Entrepenørskap håper eg på å få jobbe med å utvikle nye måtar å skape journalistikk på, seier Andreassen.

Lars Erik Andreassen byrja si mediekarriere som programleiar i Jærradiogruppen då han gjekk på vidaregåande. Frå musikklinje og morgonshow i Sandnes gjekk turen rett til Førde som praktikant ved Nynorsk mediesenter. Sidan har han jobba som reporter og produsent for P3 sommer, og vore reporter og tilkallingsvikar for Her og nå, Norgesglasset, Kveldsåpent, Hallo P3, Juntafil, Verdens Rikeste Land og producer i Newton.

 

 

 

Kull 15

Sondre Dalaker (1992), frå Kaupanger, Sogn og Fjordane

Maria Pile Svåsand (1986), frå Strandebarm i Hordaland

Susanne Egset (1989), frå Ørsta, Møre og Romsdal

Agnese Bremere (1988), frå Latvia og Luster i Sogn

Lars Erik Andreassen (1991), frå Sandnes i Rogaland