Lars Ivar Nordal

Lars Ivar Nordal

Fødd: 1986

Frå: Volda, Møre og Romsdal

No: Rådgjevar i Språkrådet

Lars Ivar Nordal var nynorskpraktikant på kull 19, 2013/2014. Han hadde praksis i Kulturnytt, og heldt fram der som journalist og vaktsjef. Vidare var han vikar i kulturavdelinga i P2, som produsent for NRK Klassisk sine live-sendingar med Kringkastingsorkesteret, og produsent, reporter og programleiar for programmet Spillerom. Deretter var han vikar i NRK Møre og Romsdal til hausten 2016. No er han rådgjevar i Språkrådet, med mållova og kommunikasjon som arbeidsfelt.

Lars Ivar Nordal har mastergrad i operasong, musikk (Diplom Operngesang) frå Hochschule für Musik «Hanns Eisler», Berlin. Medan han studerte der var han medlem i studentparlamentet og representerte utanlandsstudentane i studentutvalet. I 2010 vart han stipendiat i Friedrich-Naumann-Stiftung fur die Freiheit, eit politisk stipend for gåverike studentar.

Før sju års studiar i Berlin hadde han studert fransk og tysk ved Høgskulen i Østfold, vore utvekslingsstudent i Tyskland på ERASMUS-utveksling (song) og teke bachelor i musikk ved Griegakademiet ved Universitetet i Bergen. Han kan tysk, engelsk, fransk, og han forstår og gjer seg forstått på italiensk.

Medan Nordal var student var han i sommarferiane journalist i lokalavisa Møre-Nytt, digitaliserte Ferdaminne av Vinje for Nynorsk kultursentrum og var tunassistent i Aasentunet.

 

Kull 19

Tale Hauso (1991), frå Odda i Hordaland

Britt Kristin Ese (1985), frå Jostedalen i Sogn

Eirik Hildal (1985), frå Stord i Sunnhordland

Lars Ivar Nordal (1986), frå Volda på Sunnmøre

Idun Fivelstad (1987), frå Rindal på Nordmøre