Linda Watten

Linda Watten

Fødd: 1994

Frå: Luster, Sogn og Fjordane

No: Nynorskpraktikant

Linda Watten er nynorskpraktikant på kull 27, frå august 2017 til mars 2018. No har ho praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, der ho driv med journalistikk på alle plattformer. Frå 3. januar til og med 28. februar 2018 skal Watten ha ekstern praksis i Supernytt i NRK Super.

Watten har ein bachelor i sosiologi-ungdomssosiologi frå Høgskulen på Vestlandet, og eit årsstudium i engelsk med fagdidaktikk. Tidlegare har ho vore frilansar i Sogn Avis, og ein tur innom skuleavisa Røynda.

– Eg blei «utdanna» danseinstruktør gjennom Dans Utan Grenser då eg var 15 år, og då starta interessa mi for unge menneske, og korleis menneske og deira rolle blir påverka av samfunnet. Eg lærde barn og unge å dansa i fire år, før eg la vekk karriera rett før vidaregåande. På Høgskulen byrja eg å studere engelsk med fagdidaktikk, noko som førte meg i praksis på ein ungdomsskule. Der fekk eg utfalda meg i rolla som lærar, og stortreivst. Vidare fullførte eg ein bachelor i sosiologi med fokus på ungdomssosiologi. Dette lærde meg mykje om ulike sosiale grupper, roller, og kvart individ sin plass i samfunnet. I bacheloren min skreiv eg om korleis eit sosialt medium, som blogg, kan påverke unge jenter si psykiske helse. Gjennom sosiologen Erving Goffman sin teateranalogi såg eg på denne problemstillinga. Dette tykte eg var eit viktig tema å belyse, og det var interessant og lærerikt å sjå at ein såpass gammal teori fortsatt er så relevant i eit moderne samfunn som stadig går framover.

Eg har alltid vore svært glad i å skrive, formidle ei historie, fortelje, prate med folk, sosialisere meg, og ikkje minst prøve nye ting. Sidan eg var lita har eg gått rundt med ein draum om å formidle, få ut viktige saker, og settje lys på det som fortenar å bli sett eller høyrt. Med mi rolle som journalist håpar eg på å oppfylle desse ynskjene, og gjere meir av det eg alltid har vore så glad i. Eg ynskjer eit samfunn med meir rettferd, og at kvart enkelt individ skal bli sett og høyrt. Det er mykje stigmatisering og marginalisering i samfunnet, og mange bærer på ein historie som ikkje alltid kjem fram. Eg er nyfiken og engasjert, og med rolla mi her håpar eg på å oppdage historiar og nyhende, og finne fram til det som gjer dei viktige og interessante. Både kjende og ukjende historiar – gode, og vonde.