Line Omland Eilevstjønn

Line Omland Eilevstjønn

Fødd: 1993

Frå: Åmot, Vinje i Telemark

No: Student i sosiologi

Line Omland Eilevstjønn var nynorskpraktikant på kull 23, våren 2016. Ho hadde praksis i NRK Telemark, og fekk etterpå jobb som SoMe-ansvarleg for nettsatsinga i Vest-Telemark Blad. Der arbeidde ho i eitt år før ho hausten 2017 byrja studere sosiologived Universitetet i Oslo.

Slik skildrar Line Omland Eilvstjønn seg sjølv:

– Ein vinterdag tidleg på nittitalet pusta eg inn Telemarkslufta for fyrste gong. Ho var frisk og rein. Eg vaks opp i den vesle bygda Åmot i Vinje kommune, midtvegs langs E134, der fjellturane er rett utanfor døra di og du stort sett berre treffer kjentfolk på butikken.

Nynorsk har aldri vore noko anna enn naturleg for meg, og det at eg no har sjansen til å få bruka det med den største naturlegheit i yrkeslivet mitt er heilt supert. Som usikker 16-åring forelska eg meg i journalistikk då eg gjekk på vidaregåande i Seljord. Det var fantastisk å oppdage eit yrke der eg kvar dag kunne treffe spennande menneske og formidle historiane deira.

Etter vidaregåande har eg difor studert journalistikk ved Norges Kreative Høyskole i Oslo og ved Southampton Solent University i England, der eg våren 2015 fullførte bachelorgraden min. I tillegg til å skrive er eg glad i fotografi, illustrasjon, grafisk design, matlaging/-eting og latteranfall på tunge måndagsmorgonar.

Kull 23

Line Omland Eilevstjønn (1993), frå Åmot, Vinje i Telemark

Kjersti Anderdal Bakken (1990), frå Gol i Hallingdal

Even Lusæter (1979), frå Heidal/ Vågå, Oppland

Elise Sundfør Erdal (1986), frå Tysvær i Rogaland

Thomas Brakstad (1989), frå Meland i Hordaland