Liv Ragnhild Sjursen

Liv Ragnhild Sjursen

Fødd: 1984

Frå: Fusa i Hordaland

No: Språkkonsulent i NTB Språk

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen var nynorskpraktikant på kull 20, våren 2014. Ho hadde ekstern praksis i Her og No, og arbeidde i Mediehuset NRK Trøndelag til nyttår 2014. Har elles vore vikar i kommunikasjonaavdelinga til NTNU, og tekstforfattar i tekstbyrået HvabeHager i Trondheim. No er ho språkkonsulent i NTB Språk.

– Eg er ei språkmektig og dialektglad veikje frå Holdhus. Eg har studerte språkleg kommunikasjon og nordisk språk og litteratur, og sat til slutt igjen med ein fiks ferdig mastergrad i språk og kommunikasjon. Etter studiane jobba eg som rettleiar og sakshandsamar både på institutt og fakultet, og deretter i Kommunikasjonsavdelinga til NTNU. Der arbeidde eg med universitetet sine nettsider; både med interkommunikasjon for dei tilsette på intranettet, og forlokkande og opplysande tekstar for allmugen på eksternsidene. Eg har òg vore ein snartur innom Lånekassa sitt kontor i Trondheim som sakshandsamar.

 

Kull 20

Liv Ragnhild Sjursen (1984), frå Fusa i Hordaland

Oddbjørn Myklebust Opsal (1988), frå Ålesund i Møre og Romsdal

Guro Kvalnes (1991), frå Ullensvang i Hordaland

Halvor Farsund Storvik (1981), Frå Førde/Sogndal i Sogn og Fjordane

Silje Bjerknes (1988), frå Volda i Møre og Romsdal