Malin Olivia Dahlberg

Malin Olivia Dahlberg

Fødd: 1982

Frå: Valldal, Møre og Romsdal

No: Inf.rådgjevar Norske Kunstforeninger.

Malin Olivia Dahlberg var nynorskpraktikant på kull 10, våren 2009. Ho hadde ekstern praksis i Kulturnytt i NRK P2, og var vikar der ei tid etterpå. Dahlberg er informasjonsrådgjevar i Norske Kunstforeninger.  

– Heilt sidan eg siste året på vidaregåande var redaktør for russeavisa, har eg tenkt at eg på eit eller anna tidspunkt hadde lyst til å arbeide som journalist. Vegen min inn til journalistikken vart likevel ikkje den kortaste eller mest opplagte. Men etter å ha fullført ein mastergrad i russisk ved Universitetet i Bergen, bydde sjansen til å verte nynorskpraktikant i NRK seg. Det praktiske opplegget i praktikantordninga kjendest som ei god utfylling til den teoretiske utdanninga mi – sjølv om det vart ein krevjande opplæringsperiode, sidan eg ikkje hadde journalistisk røynsle frå før. Ekstern-praksisen min hadde eg i Kulturnytt i NRK P2, og der heldt eg fram som vikar i radio og på nett i 1 ½ år etterpå. I 2011 byrja eg som informasjonsrådgjevar i Norske Kunstforeninger, der eg får kombinert interessa for kultur, språk og god kommunikasjon.

 

Kull 10

Ingvild Ryssdal (1983), frå Sandane, Sogn og Fjordane

Malin Olivia Dahlberg (1982), frå Valldal på Sunnmøre

Anna Gytri (1984), frå Førde, Sogn og Fjordane

Siri Kleiven Strøm (1987), frå Årdal, Sogn og Fjordane

Ingunn Thon (1986), frå Ål i Buskerud