Maria Rivedal

Maria Rivedal

Fødd: 1981

Frå: Naustdal, Sogn og Fjordane/Oslo

No: Journalist i P3 TV redaksjonen

Maria Olivia Rivedal gjekk på det fyrste kullet med nynorskpraktikantar i 2004/05. Ho hadde ekstern praksis i NRK P3 i Trondheim og fekk fast jobb der. Flytta seinare til Oslo og heldt fram i same kanalen. Maria Rivedal var vaktsjef for P3morgen i fleire år og har hatt mange ulike oppgåver i P3. No er ho journalist i P3 TV redaksjonen.

– Før eg gjekk på Nynorsk Mediesenter var eg innom diverse human-etiske fag ved UiB. Dei fleste styrt av rein lyst, utan særleg mål og meining. Det var i radio eg skulle arbeide til slutt uansett! Så for meg starta alvoret då eg kom inn på Nynorsk mediesenter. Eg var innom dei fleste programma knytt til P3 i Trondheim, også musikkredaksjonen til P1, før eg fall til ro i P3morgen i Oslo, der eg var vaktsjef i fleire år. Eg har også teke fotografiutdanning i New York og København.

 

 

Kull 1

Eli Bjelland (1981), frå Stord i Hordaland

Knut Åge Teigen (1970), frå Årdal, Sogn og Fjordane

Svein Ove Hansli (1976), frå Vinje i Telemark

Maria Rivedal (1981), frå Naustdal i Sunnfjord/Oslo

Inger Johanne Sæterbakk (1981), frå Bodø, Nordland