Marianne Feste

Marianne Feste

Fødd: 1981

Frå: Seim, Lindås i Hordaland

No: Kommunikasjonsrådgjevar i Skatt Vest

Marianne Feste gjekk på det femte kullet med nynorskpraktikantar, 2006/2007. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og arbeidde der som vikar/tilkallingsvikar til våren 2010. Deretter vart ho kommunikasjonsrådgjevar i Skatt Vest. Ho arbeider med intranettet deira og er språkansvarleg i regionen.

Feste har ein Bachelor i kultur-og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen, og i tillegg til graden har ho studert global utvikling og sosialantropologi.

Kull 5

Bjarte Vik Myklebust (1986), frå Ålfoten i Sogn og Fjordane

Marianne Feste (1981), frå Seim, Lindås i Hordaland

Gøril Furu (1984), frå Sunndalsøra i Møre og Romsdal

Vidar Eidhammer (1984), frå Skjold, Vindafjord i Rogaland

Ingrid Hognaland (1986), frå Nedre Vats, Rogaland