Maria Pile Svåsand

Maria Pile Svåsand

Fødd: 1986

Frå: Strandebarm, Hordaland

No: Kommunikasjonsrådgjevar i Hordaland Røde Kors

Maria Pile Svåsand gjekk på kull 15, 2011/12. Etter at ho var ferdig som nynorskpraktikant våren 2012 har ho arbeidd i NRK Hordaland, magasinredaksjonen i NRK P2, Kulturnytt og Klassekampen. Ho har teke ein Master i internasjonale studium i San Francisco, og er no kommunikasjonsrådgjevar i Hordaland Røde Kors.

Før ho vart nynorskpraktikant hadde Maria Pile Svåsand ei bachelorgrad i journalistikk ved Høgskulen i Oslo og kunsthistorie, og ho hadde arbeidd eit år som frilansjournalist (med strøjobbar som lærarvikar, i barnehage og turistinfo på si.)

Kull 15

Sondre Dalaker (1992), frå Kaupanger, Sogn og Fjordane

Maria Pile Svåsand (1986), frå Strandebarm i Hordaland

Susanne Egset (1989), frå Ørsta, Møre og Romsdal

Agnese Bremere (1988), frå Latvia og Luster i Sogn

Lars Erik Andreassen (1991), frå Sandnes i Rogaland