Marit Holmquist Fenne

Marit Holmquist Fenne

Fødd: 1980

Frå: Elnesvågen, Fræna, Møre og Romsdal

No: Kommunikasjonsmedarbeidar i DAB-prosjektet i 2017.

Marit Holmquist Fenne gjekk på kull 8 med nynorskpraktikantar, i 2007/2008. Ho hadde ekstern praksis i «Sånn er livet/På livet laust» i NRK P2. Fenne er vaktsjef for kommunikasjonsdesken, som mellom anna har ansvaret for Torget, intranettet til NRK. I 2017 er ho kommunikasjonsmedarbeidar i samband med innføringa av DAB.

Fenne har vore fast tilsett i Kommunikasjonsavdelinga i fleire år. Før ho vart nynorskpraktikant hadde ho denne utdanninga: «Master of Philosophy in Peace and Conflict Transformation» ved Universitetet i Tromsø, Bachelor i kultur-og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen, med fordjuping i samanliknade politikk. Og ho hadde grunnfag i utviklingsstudiar og årsstudium i Spansk- og Latin-Amerikastudiar.

Fenne hadde arbeidd som førstekonsulent ved Samfunnsvitskapleg fakultet ved Universitetet i Tromsø, vore prosjekt-koordinator ved Norsk Institutt for Genøkologi og vitskapleg assistent ved Senter for fredsstudiar. Elles hadde ho vore assistent i butenesta i Fræna kommune, arbeidd på hotell i Bergen, vore omvisar på Romsdalsmuseet og ekspeditør på ein bensinstasjon.

Kull 8

Eivor Brandseth (1985), frå Skogn i Nord-Trøndelag

Roger Sevrin Bruland (1977), frå Utvik, Sogn og Fjordane

Marit Holmquist Fenne (1980), frå Elnesvågen, Fræna, Møre og Romsdal

Olav Arne Nedrelid (1978), frå Fjørtoft, Møre og Romsdal

Elin Thingvoll Berge (1980), frå Vik, Sogn og Fjordane